Då eg nesten var ferdig utdanna slo det meg at eg i løpet av studietida aldri hadde søkt på eit einaste traineeship gjennom ELSA (også kalla STEP traineeship). Studiekameratane mine opp gjennom åra hadde kome seg til både Rovaniemi og Istanbul på denne måten, så kvifor skulle eg la ein slik sjanse gå i frå meg?

Det viste seg at ELSA hadde eit STEP traineeship i Europarådet i Strasbourg, og eg bestemte meg for å søkje på dette. Strasbourg var ein by som fanga interessa mi. Ikkje hadde eg vore der før, og i tillegg ville min rustne fransk nyte godt av ei slik erfaring. På søknadsskjemaet skulle ein krysse av for kor i Europarådet ein helst ville vere. Det var stort sett berre Menneskerettsdomstolen eg hadde kjennskap til frå før, så avkryssinga blei ei lita utfordring. Gleda var stor den dagen eg fekk tilbod om å vere trainee i komitéen for likestilling- og ikkje-diskriminering i Parlamentarikarforsamlinga, og eg takka sjølvsagt ja til det. For det første har eg alltid hatt interesse for det temaet og for det andre så hadde eg minimal kunnskap om korleis Europarådet arbeida på dette feltet.

Vel framme i Strasbourg viste det seg at eg tilfeldigvis skulle bu i kollektiv med ei italiensk jente som også hadde fått traineeship gjennom ELSA. Saman tok me oss gjennom sikkerheitskontrollen og fann fram til avtalt møtestad i det massive bygget der Parlamentarikarsamlinga haldt til den første dagen. Dagens høgdepunkt skjedde i løpet av den første halvtimen, då me møtte Generalsekretær Torbjørn Jagland på veg inn i heisen.

Gangane i bygget var lange i tillegg til at mange såg identiske ut, så dei første to vekene gjekk eg meg vill svært ofte og det hendte at eg måtte spørje om vegen til kontoret. I alt var me fem trainees som delte to kontor og som var utplasserte i ulike komitéar. Me blei raskt ein fast lunsj- og kaffipause gjeng.

Det var sju personar som arbeida i Sekretariatet til likestillings- og ikkje-diskrimineringskomitéen, og det var desse som gav meg arbeidsoppgåver. Sekretariatet hadde ansvar for både administrative og materielle oppgåver knytta til likestillings- og ikkje-diskrimineringskomitéen sitt mandat. Sjølve komitéen var samansett av parlamentsmedlem frå dei ulike medlemslanda og dei møttes om lag fire ganger årleg, forutan dei fire årlege sesjonane i Parlamentarikarforsamlinga. Det blei heldt ein sesjon i Parlamentarikarforsamlinga i løpet av traineeshipet mitt, og det var veldig spennande å få ta del i både debattar og komitémøter den veka sesjonen varte. Eit av høgdepunkta var å få oppleve Michelle Bachelet frå UN Women.

Arbeidsoppgåvene sekretariatet gav meg var veldig varierte. Under Parlamentarikarforsamlinga sin sesjon hadde eg ansvar for å lage plakatar på engelsk og fransk til eit møte som skulle haldast om æresdrap, og eg stod også på stand og informerte om Europarådet sin konvensjon sin konvensjon om førebyggjing og bekjemping av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar.

Andre arbeidsoppgåver eg hadde i løpet av traineeshipet mitt var å lage statistikk over kjønnsrepresentasjonen av kvinner og menn i dei ulike komitéane i Parlamentarikarforsamlinga. I tillegg gjorde eg undersøkjingar om dei ulike foreldrepermisjonssystema i Europarådet sine medlemsland, då dette var temaet for ein ny rapport som komitéen skulle utferdige.

Etter ei flott oppleving i Europarådet kan eg ikkje gjere noko anna enn å oppmode andre til å søkje på traineeship gjennom ELSA!